tirsdag 27. september 2016

Arbeidskrav 2: Familiedag på Haualeite

I forbindelse med forskningsdagane på Høgskulen i Volda, hadde vi som studerer mat, kultur og konservering i oppgåve å arrangere ein familiedag på Haualeite. Haualeite er eit bygdemuseum, og vår oppgåve var å arrangere eit matverkstad, der besøkande i alle aldersgrupper kunne få lære meir om norsk matkultur og smake på ulike produkt.

Hanna og eg var på gruppe, og vi bestemte oss for å lage munkar, ein gamal tradisjonsbakst med lange tradisjonar i Norden. Målet vårt var å formidle historien bak munkar, samt å lære dei besøkande om korleis deiga blir laga og korleis dei kan steike munker sjølve.


Her er stasjonen vår. På bildet ser du Hanna som eg samarbeida med, og tre ivrige munkesteikarar.
Foto: Matilde M. Aakre
Førebuingar
Det første vi gjorde var å kjøpe eit munkejern. Det er eit spesielt jern som gjer steiking av munkar enklare.
munkejern.jpg
Munkejernet
Foto: Multitrend.no

Medan vi venta på at det skulle komme i posten, prøvde vi å steike munkar i muffinsbrett. Det lot seg gjere, men munkane måtte snuast fleire gonger for å få eit greitt resultat. Vi testa ut fleire oppskrifter, som for eksempel Tine si oppskrift, men kom fram til at denne oppskrifta frå Louises madblogg var den beste:

Ingredienser:
250 gram mjøl
¼ tsk salt
½ tsk natron
1 spsk vanillesukker
4 dl kærnemælk (samme som kefir)
100 g smelta smør
3 egg
1 spsk sukker

Framgangsmåte:
thumb_IMG_2969_1024.jpg
Her har vi delt eggeplummen frå eggekvita.
Foto: Hanna Lindahl
Ha eggekvite og plomme i kvar si skål. Pisk sukker og eggekvite luftig og stiv, og sett bollen til side. Bland eggeplomme, mjøl, salt, natron og vaniljesukker. Rør blandinga saman og bland inn kefirmelka gradvis. Hell så det smelta smøret i deigen. Vend inn dei stivpiska eggekvitene. No er deigen klar til å steikast!
thumb_IMG_2971_1024.jpg
Munkejernet med smør i.
Foto: Hanna Lindahl

thumb_IMG_2972_1024.jpg
Munkejernet med deig.
Foto: Hanna Lindahl
Å steike munkar kan vere litt utfordrande om du ikkje har gjort det før. Trikset, fant vi ut, er å vende munkane 180 grader med ein gong, og ikkje 90 grader slik vi prøvde først. Vi brukte to spisepinnar til å snu med. Selv om det er ein del smør i deigen, brukte vi litt ekstra i jernet.
thumb_IMG_2975_1024.jpg
Ferdigstekte munkar.
Foto: Hanna Lindahl
Oppskrifta over gir cirka 20 munkar. På Haulaeite kunne vi forvente opp i mot 200 personar. I samråd med Erik Fooladi, bestemte vi difor at vi skulle lage munkar til så mange menneske, og heller fryse ned røra/munkane som blir til overs. Vi tok difor å tidobla oppskrifta til dagen på Haualeite. Vi bestemte oss også for å vente med å blande i eggekvita til vi var på Haualeite, slik at vi kunne røre eggekvita gradvis inn undervegs for å få luftige munkar. 

Historien bak bakverket munkar
Munkar er ein gammal kakesort, som muligens har sitt opphav så langt tilbake som i middelalderen. Antagelig har den kome sjøvegen frå Europa, det kan vere grunnen til at dei blei svært populære på Sørlandet og langs kysten («Munker» s.a). Sjølv om det herskar usikkerheit rundt opphavet til bakverket, er det grunn til å tru at bakverket har nært slektskap til de danske munkane, som kalles "æbleskiver". (Saxvik, 2009).

Historien til "æbleskiver" er meir dokumentert i litteraturen. Westergaard fortel at historia går heilt tilbake til 1700 tallet. Då besto «æbleskivene» av tynne, oppdelte epler som var vendt i mjøl og stekt i smør i ei panne (Westergaard,1974, s 47). Rundt år 1700 blei æbleskivepannen med hull i funne opp. Her er det montert fast en stang med ein ring, slik at ein kan henge pannen over flammene (ibid). Westergaard(1979) meinte at stekte æbleskiver hørte vinteren til, fordi eplene på det tidspunktet trengte å få ein liten ekstra «piff» sidan dei hadde blitt lagra ei stund. Etter kvart utvikla oppskrifta seg, og i staden for å vere basert på epler, ble «æbleskiver» eit bakverk utan epler, der ein berre unntaksvis hadde eplefyll i midten ( Jensen, 2001, s 269).

I dag er munkar fortsatt mest utbrett på Sørlandet, og i Tvedestrand har dei ein eigen munkefestival, der dei konkurrerar om å ha den beste munkeoppskriften (Knutsen, 2012).

Erfaringar frå opplegget på Haualeite
Ein ivrig munkesteikar.
Foto: Matilde M. Aakre
Stasjonen vår på Haualeite var populær. Både barn og vaksne var interesserte i historia bak munkane, men aller mest interesserte var dei nok i å få prøve å lage og smake munkar. Særs ungane var ivrige munkelagarar, og dei var overraskande flinke!

Skulle vi ha gjort noko annleis er det tre ting eg tenkjer spesielt på. Vi hadde alt for mykje røre. Sjølv om posten var populær, og munkane gjekk raskt unna, er det begrensa kor mange ein klarer å få stekt med eit munkejern og ivrige ungar som skal hjelpe til. Det gjorde at vi hadde nesten halvparten av røra igjen. Den andre tingen vi kunne ha gjort annleis, var å tatt med ei mindre ause. Ausa gjorde at det blei meir søl enn nødvendig. Ein tredje ting vi kunne ha gjort, var å laga informasjonsplakatar med historia til munkane på. I periodar der det var mange folk, var det vanskeleg å fortelje om historia samtidig som små barnehender skulle holde på med eit varmt munkejern. Sjølv om der alltid er rom for forbetring, fekk vi gode tilbakemeldingar på aktiviteten, og eg kan anbefale å steike munkar til andre.



Kjeldeliste:



Dansk historisk fællesråd(2016, 13.september) Æbleskiver. Hentet 14.september 2016 fra http://www.historie-online.dk/special/jul/aeble.htm  

Dam, Louise Gammeldags æbleskiver. Hentet 16. september 2016 fra http://www.louisesmadblog.dk/gammeldags-aebleskiver/

Jensen, Kirsten Marie (2001), Frøken Jensens Kogebog (genoptryk af første udgave fra 1901), København: Gyldendalske Boghandel, Nordisk Forlag.

Knutsen, Camilla (2012, 25. juni). Kystkulturuka 2012. Hentet 14. September2016 fra http://www.sandoya.no/kystkulturuka-2012.5068717-130155.html

Munker (s.a) Hentet 14. september 2016 fra: https://bodilslilleblogg.com/2016/07/29/munker/

Saxvik, Øystein (2009, 12. januar) Sørlandsmunker. Hentet 14. september 2016 fra https://www.nrk.no/kultur/sorlandsmunker-1.6429636

Tine.no Hentet 16. september 2016 fra: http://www.tine.no/oppskrifter/bakst/scones-og-muffins/munker-æbleskiver Westergaard, Erik Koed (1974), Danske Egnsretter, København: Lindhardt og Ringhof.